Fylkeskommunen er i full gang med å etablere kompetansemiljø i Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune har no lyst ut åtte stillingar, i det som skal bli eit nytt og spanande kompetansemiljø på Campus Kristiansund. Fleire stillingar vil bli lyst ut framover.  

Fylkeskommunen er i full gang med å etablere kompetansemiljø i Kristiansund

– Vi jobbar no for samle dei stillingane vi allereie har i Kristiansund til eit kompetanesmiljø.  Vi skal mellom anna flytte Fram kundesenter og prosjektleiinga i Campusprosjektet. Det vart også rekruttert fleire nye medarbeidarar i fjor, som i dag sitt på ulike stader i Kristiansund. Desse vil bli flytta over så snart dei nye lokala er på plass. Seinare vil miljøet bli flytta over i  Campus Kristiansund, når det står ferdig i 2023, seier prosjektleiar Monica Kjøl Tornes.  

Ei eiga prosjektgruppe jobbar no med å få på plass dette. Målet er å legge til rette for gode arenaer der dei ulike fagområda dreg nytte av kvarandre. 

Fleire nye stillingar blir lyst ut framover 

Fylkeskommunen har fleire ulike stillingar som allereie er lyst ut, og det kjem fleire i løpet av mai og juni.  

Innafor samferdsel er det lyst ut tre stillingar knytt til plan og trafikkseksjonen ved fylkesvegavdelinga. Dette er to stillingar som geodataforvaltarar og ei stilling som planprosjektleiar, desse har relativt kort søknadsfrist. Vidare blir det lyst ut tre nye stillingar til innan samferdselsområdet i løpet av denne veka.  

På utdanningsområdet er det også lyst ut ei stilling innanfor fagområdet opplæring i bedrift. På stabsrområdet lyser vi no ut ei nyoppretta stilling som skal bidra til å samordne initiativ i arbeidet med «Berekraftfylket Møre og Romsdal».  

– Vi håpar no at utlysingane våre blir godt kjent, slik at vi lykkast med få på plass gode kandidatar til desse jobbane, avsluttar Kjøl Tornes.  

Oversikt over ledige stillingar finn du på mrfylke.no/jobb 

 

 

Vi er Campus Kristiansund!

20 august 2019

Campuskonferansen 2019 viste at ein er komen mange steg nærare realisering av Campus Kristiansund i 2022. No byrjar arbeidet med å forme det første byggetrinnet

Campus Kristiansund og næringslivet

20 august 2019

Korleis kan Campus Kristiansund bli til nytte for næringslivet? Og kva kan næringslivet sjølv bidra med for å skape dei kompetansemiljøa som regionen ønskjer seg?