Workshops om ny forskings- og innovasjonsstrategi for MRfylke

Forskings- og innovasjonsstrategiane for Møre og Romsdal skal rullerast. Strategiane skal bidra til å auke innovasjonsevna og innovasjonskapasiteten både i offentleg og privat sektor, og til å utvikle kunnskap og samarbeid innanfor og på tvers av næringar og sektorar. Satsingane skal bygge på Møre og Romsdals nærings- og kunnskapsmessige fortrinn. Dei skal også bidra til at vi blir betre til å bruke ressursane i regionen og moglegheitene i digitalisering, grøn teknologi og innovasjon.

Målgruppe
Vi inviterer personar med engasjement for utvikling av regionen og ønskjer brei deltaking frå samfunns- og næringsliv:

- Kommunar
- Bedrifter
- Næringsklynger
- Utdannings- og forskingsmiljø
- Investorar
- Inkubatormiljøa og kunnskapsparkane
- Interesse- og brukarorganisasjonar
- Verkemiddelapparatet
- Statlege etatar

Agenda for workshopane
Programmet er under planlegging men det blir presentasjon av evaluering av dagens strategiar, utviklingstrekk og moglegheitsrommet som strategien skal bidra til å utnytte. Vi ønskjer innspel til:

- Kva kunnskapsområde må vi utvikle og bygge opp?
- Kva teknologiområde må vi utvikle og bygge?
- Kva samarbeidsformer skal vi ha?
- Kva organisasjons- og forretningsmodellar er aktuelle?
- Kva verkemidlar er det behov for?

Rammer og prosess for strategiarbeidet
- ProtoMore vil fasilitere workshopane
- Jan Emblemsvåg bistår med utforming av strategien

Det er oppretta ei styringsgruppe for strategien forankra i næringsliv, kommunar og akademia. Det blir lagt opp til kort høyring i November 2020. Strategiane skal forankrast hos fylkespolitikarane med vedtak i det første fylkestinget i 2021.

Publisert: 28.sep.2020
2 - 29
okt
place Molde, Ålesund og Kristiansund
timer 09:00